Artikkelside

Nynorskordboka

hår

substantiv inkjekjønn
Bøyningstabell for dette substantivet
eintalfleirtal
ubunden formbunden formubunden formbunden form
eit hårhårethårhåra

Opphav

norrønt hár

Tyding og bruk

  1. trådforma utvokster eller hudvedheng hos fleircella dyregrupper;
    særleg brukt om tynt strå av forhorna overhudsceller hos menneske og andre pattedyr
    Døme
    • han hadde ikkje mange håra att på hovudet
  2. samla hårvekst, særleg på hovudet
    Døme
    • ha raudt, tjukt hår;
    • få grått hår;
    • vaske og føne håret;
    • setje opp håret i ein topp
  3. i botanikk: trådliknande utvokster frå cellene i overhuda på planter

Faste uttrykk

  • eit hår i suppa
    noko som er ubehageleg eller passar dårleg
  • gje nokon grå hår
    vere årsak til at nokon opplever sorg eller irritasjon
  • henge i eit hår
    så vidt kunne bergast;
    henge i ein tynn tråd
  • ikkje eit hår betre
    ikkje det spor betre
  • ikkje krumme eit hår på hovudet til nokon
    ikkje skade nokon fysisk i det heile
  • ikkje skode hunden på håra
    ikkje døme nokon etter det ytre
  • lyfte seg sjølv etter håret
    setje seg sjølv i ein betre situasjon ved hjelp av eigne krefter
  • med hud og hår
    fullstendig
    • ulven slukte byttet med hud og hår;
    • han slukte historia med hud og hår
  • med hår på brystet
    mandig;
    sterk og barsk
    • laget treng ein spelar med hår på brystet
  • på hengande håret
    berre så vidt;
    med naud og neppe
  • på håret
    så vidt
    • det var på håret at vi rakk ferja
  • slå ut håret
    (etter engelsk let one’s hair down) slå seg laus og more seg
  • stryke med håra
    føye eller smiske med
    • det er best å stryke han med håra